Om klubben

Fjordane Flyklubb vart skipa i 1970 på den gamle flyplassen på Øyrane i Førde. I 1986 flytta klubben med når Førde lufthamn bygde ny stripe på Bringeland i Gaular kommune. Flyplassen ligg 15 min frå Førde sentrum.

Innflyging til gamle Førde lufthamn Øyrane i 1978. Foto: Ukjent
Innflyging til gamle Førde lufthamn Øyrane i 1978. Foto: Ukjent

Klubben hadde i mange år eit Piper Cherocee (LN-NAY) som blei nytta til skuleflyging og privatflyging. I 2011 blei dette flyet vrak etter at hangaren svikta under snø. Med nyoppbygd hangar kjøpte klubben eit nytt fly, ein Socota TB10 (LN-TBL). Flyet har plass til 4 personar og er eit veldig godt reisefly med god plass.

Flyklubben har i dag gode fasilitetar på flyplassen med eigne klubblokaler, ein moderne isolert hangar og fuelanlegg.

Flyklubben har òg ein flyskule som utdannar pilotar til PPL-A sertifikat. Om du lurer på meir knytt til dette, kan du lese meir om flyskulen på eigne sider.

Fjordane Flyklubb er ein aktiv flyklubb med engasjerte medlemmer og særdeles gode tilhøve, ikkje minst grunna eit godt samarbeid med Avinor.

Vi ønskjer alle som er interesserte i å ta ein tur innom oss eller ønskjer å bli medlemmar i klubben velkomen til å ta kontakt!

Gamle Alfa Yankee. Foto: Ukjent.
Gamle Alfa Yankee. Foto: Ukjent.