For besøkande fly

Velkommen til Bringeland!

Parkering

Parker gjerne på vår oppstillingsplass om du er på besøk til Førde/Bringeland. Gi beskjed om at du kjem ved å sende ei melding til 95989033.

Parker på grussplassen parallelt med fuel-anlegg, slik at du ikkje hindrar fuel-fylling eller inn/utkøyring av fly frå hangaren.

 

Avgas

Vi har 100LL og olje til sals. Fylling skal gjerast opp kontant med kort eller Vipps.

Pris 100LL                                         19,39/l.
Pris Aeroshell W 15W-50           150,-/l.

Tankanlegget er ikkje sjølvbetjent og vi har heller ikkje opningstider i klubben. Ta derfor kontakt i god tid for å avtale tidspunkt for fylling. Vi kan ikkje love, men skal prøve so godt vi kan å hjelpe deg!

Kiosk

Vi har også diverse kioskartiklar til sals. Spør nokon av medlemane om å hjelpe deg om du er på Bringeland og ønskjer å kjøpe noko! Betaling med Vipps.