Introtur

Lurer du på korleis det er å fly småfly?

Har du, som så mange andre, gått med ein liten draum om å fly, men vore litt usikker på kva du må gjere?

Bestiller du deg ein introtur, får du ein time flyging med ein kvalifisert instruktør som kan svare på dei spørsmåla du måtte ha og prøve spakane!

Det å ta flysertifikat er ein morosam, og overkommeleg affære, som slett ikkje kostar så mykje som ein kanskje forestiller seg. Ta kontakt i dag, avtal ein introduksjonstur, og ta det første skrittet mot PPL-A sertifikat!