IMG_0456

Fly og anlegg

Socata TB-10 Tobago LN-TBL

Vår maskin er franskbygd i 1994, og er eit romsleg fly godt eigna for lengre turar og skuleflyging.

Model: Socota TB10 Tobago
Ser.nr: 1449
Motor: Lycoming 180 hk
Registrering: LN-TBL
Instrumentering: IFR og VFR
Div.: Constant speed propeller
Endurance: 5 t.

Hangar og servicebygg

På Førde Lufthamn Bringeland har vi kanskje Norges flottaste hangar og tilknytta servicebygg. Etter at hangaren falt ned vart det i 2011 bygd opp igjen ein moderne isolert hangar. Vi leiger i dag bort halve hallen til Airlift, men disponerer sjølv plass til tre-fire fly.

AVGAS 100LL

Klubben har tankanlegg med AVGAS 100LL. For meir informasjon om tanking, sjå sida for besøkande.