IMG_0414

Flyskulen

Å ta flysertifikat kostar omlag det dobbelte av eit bilsertifikat.  Det er, i motsetnad til kva mange trur, ikkje spesielt dyrt å vedlikehalde sertifikatet.  Minstekravet er 12 flytimar annankvart år, og dei timane vil du og familie og vener ha stor glede av!

Førde-Trondheim tek ti timar og 15 minutt med buss.  Med rutefly må du via anten Gardermoen eller Bergen; kostbare og tidkrevjande omvegar.  Med småfly flyr du frå Bringeland til Værnes på under to timar, og får ei fin oppleving på kjøpet.  Prisen er omlag den same som ein vaksenbillett med rutefly, anten du flyr åleine eller med passasjerar.

Bringeland-Legoland tek minst 15 timar med bil.  Med småfly tek det berre tre timar, og ungane i baksetet er glade og fornøgde heile vegen!

Førde-Kjevik tek to timar.  Ein dagstur til Dyreparken i Kristiansand er heilt innan rekkjevidde.

Førde-Gullknapp (Arendal) tek og to timar.  Med bil tek turen ti timar og næraste flyplass med rutetrafikk er Kjevik.  Det finst mange fleire småflyplassar enn ruteflyplassar.

Eit flysertifikat utstedt i Norge er utan vidare gyldig i heile Europa og ein formalitet å konvertere til andre land.  Når du er på reise, kan du leige fly og fly der du er.  Her er eit klubbmedlem på tur over Berlin.  Den store runde sletta du ser eit stykkje over vengja, er Tempelhof flyplass.  Skogen til venstre i biletet heiter Tiergarten.  Veret den dagen var betre enn biletet gjev inntrykk av.

PPL-A – Private Pilot Lisence

  1. Teori tar du gjennom ein av skulane i Norge, Luftfartsskolen eller Privatfly. Teorien består av ni fag. Ein les bøkene og besvarar oppgåver på nettet. Når alle innsendingsoppgåver er godkjent av lærarane på skulen deltar ein på ei obligatorisk teorihelg før ein får gå opp til teorieksamen hjå Luftfartstilsynet.
  2. Den praktiske delen gjennomfører ein i klubben med instruktørane. Etter omlag 20-30 timar flyr ein første time solo (aleine). Til saman må ein minst ha 45 timar før ein flyr opp.

Når du har PPL-A og 150 flytimar, kan du gå vidare til kommersielt flysertifikat, CPL eller ATPL, på ein større flyskule.  Ved å ta PPL-A i Fjordane flyklubb kan du både jobbe ved sidan av og finne ut om dette er noko for deg før du investerer ein halv million kroner i eit kommersielt sertifikat.

Hjå oss kan du også ta utsjekk for nattflyging.

Ta kontakt med ein av våre instruktørar om du er intressert i å bli ein av oss :)