20150118_145831178_iOS

Endeleg letta veret! :)

Snøhule
Inngangen til klubben er meir som ei snøhule!

Det har snøa uante mengder den siste tida og klubben sin aktivitet har primært vore snømåking. Men i dag letta veret og det blei ein fin dag på Bringeland :)

På slike fine dagar er det som regel stor utfart på Langeland. Sjølv om det må forventast støy i nærleiken av ein flyplass kan vi prøve å minske den mest mogleg. Oppmodar derfor folk som flyr landingsrundar på fine helgedagar til å bruke RWY25 med venstresvingar om det er mogleg.

TBL i kveldsstemning over Bringeland :)