Nye driftsbestemmelsar

Nytt PART-regelverk er tredd i kraft! Les meir på flynytt sine sider. På venstre side på nettsida er det ein RSS-feed frå Avinor, NLF og Flynytt. Lurt å følgje med her jamnleg for å halde seg oppdatert med kva som kjem av endringar! 13. november vil det bli innført nye trafikkreglar og ein stor omlegging av luftrommet. Følg med!

Link til Flynytt

Rutine når ein tar med besøkjande

Vi har innført ny rutine når vi skal ha med besøkjande!

Alle som ikkje har nøkkelkort eller ID-kort frå Avinor skal ha følgje. Desse skal registrere seg i journal og ha på seg nummerert besøkskort. Det er laga oppslag som er sett opp ved inngang. Besøkjande skal lese igjennom denne og gis ein kort safety breifing!

Alle (også vi som er har nøkkelkort) skal bruke vest når oppheld seg på oppstillingsplassen!

Klikk på bildet for å sette deg inn i reglane!

ID kort på Avinor sine plassar

Bilde: Flynytt.no

Avinor, Luftfartstilsynet og NLF har som kjent inngått avtale om bruk av lufthamner utanfor opningstid. For å nytte Avinor sine lufthamner pliktar du som fartøysjef å sette deg inn i reglane og søke om ID kort som er bevis på at ein er privatpilot.

Kortet er også bra som ID generelt og bør bærast av fartøysjefar!

Følg linken under for å søke om kort på Avinor sine sider.
http://www.avinor.no/avinor/sikkerhet/50_ID-kort

Les meir om ordninga på flynytt sine sider!  http://www.flynytt.no/nyheter_reader/items/landet-rundt-med-avinors-nye-pfly-kort.html