Dugnad til helga

Til helga blir det dugnad på Bringeland, tankhus skal byggast!

Oppmøte fredag og laurdag kl. 10:00. Ta gjerne med hammar og ei handsag om du har. Magne Viken​ er bygg general og styrer arbeidet. Gi beskjed om når du kan delta.

Endeleg letta veret! :)

Snøhule
Inngangen til klubben er meir som ei snøhule!

Det har snøa uante mengder den siste tida og klubben sin aktivitet har primært vore snømåking. Men i dag letta veret og det blei ein fin dag på Bringeland 🙂

På slike fine dagar er det som regel stor utfart på Langeland. Sjølv om det må forventast støy i nærleiken av ein flyplass kan vi prøve å minske den mest mogleg. Oppmodar derfor folk som flyr landingsrundar på fine helgedagar til å bruke RWY25 med venstresvingar om det er mogleg.