Fjordane flyklubb

  • Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
Velkommen til Fjordane flyklubb

Nytt fly

Klubben har kjøpt nytt fly som erstatning for LN-NAY, som vart totalskadd då hangaren kollapsa i vinter.

D-EWJH

Det nye flyet er ein Socata TB10 Tobago med registrering D-EWJH.  Det har same motor som LN-NAY hadde, men yter litt betre fordi det har constant speed propell.  I tillegg har det betre plass, spesielt i baksetet som har tre plassar.  På grunn av vekt og balanse er det ikkje praktisk mogleg å fly med fem vaksne, men tre born kan gjerne dele baksetet.  Mange medlemmer vil nok òg glede seg over dei to store dørene.

Flyet skal få ei overhaling før det kjem til landet i veke 20/21.  Vi kjem til å føre det over på Fjordane flyklubb og fly det på tysk registrering medan vi får dei norske  papira i orden.

 

Ny hangar

Bygging av ny hangar er i rute med byggestart siste veka i Mai,  den skal vere ferdig i løpet av juni.  Fram til då har vi fått låne plass i hangaren til Widerøe.

Den nye hangaren vert nesten lik den gamle.  Isolerte plater gjer det mogleg å halde det lunt nok til å arbeide der om vinteren.  Elles vurderer klubben eit tilbod frå Airlift om å leige halvparten.  Vi må vurdere dette seriøst, for det vil gi klubben gode inntekter og gjer det billigare for alle å fly, men samstundes gjer leigeavtala at vi ikkje får inn fleire fly enn klubben sine.

 

Vi kan lære deg å fly!

Du kan ta privatflysertifikat i Fjordane flyklubb som og kan byggast på med teori og flytimar til trafikkflysertifikat.  Ta kontakt med ein av instruktørane.

 

 

Fuelpumpa er brukbar, 100LL tilgjengeleg

Fuelpumpa er opna att.  Fjordane flyklubb sel gjerne 100LL til trengande fly som er innom Bringeland.  På grunn av lite aktivitet etter hangarkollapsen sit vi med nokre tusen liter 100LL som vi gjerne vil ha omsetning på.  Pilotar som treng fuel kan kontakte flyklubben.

 

Lyst på ein introtur?

Då får du mulighet til å fly fra take-off til landing! Ta kontakt for meir info tlf 95 86 17 71

 

Klubbkalendar

May 2012
M T W T F S S
30 1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31 1 2 3
June 2012
M T W T F S S
28 29 30 31 1 2 3
4 5 6 7 8 9 10
11 12 13 14 15 16 17
18 19 20 21 22 23 24
25 26 27 28 29 30 1

VFR dag ENBL

02:1712:3522:55
ENBL

Kortnytt

Fuelpumpa er opna att.  Fjordane flyklubb sel gjerne 100LL til trengande fly som er innom Bringeland.  På grunn av lite aktivitet etter hangarkollapsen sit vi med nokre tusen liter 100LL som vi gjerne vil ha omsetning på.  Pilotar som treng fuel kan kontakte flyklubben.